Prosjektet ENABLE er eit EU-prosjekt som er gjennomført i samarbeid mellom regionane: Kärnten i Østerrike, Kaunas i Litauen, Thüringen i Tyskland og Vestlandet i Norge. Prosjektet har støtta 21 samarbeidsprosjekt mellom regionane innanfor temaa teknologioverføring, nettverkssamarbeid og etableringa av små og mellomstore bedrifter. Evalueringa ser på gjennomføring, varige effektar, samt suksessfaktorar og hindringar.
Evalueringa viser at dei fleste prosjekta oppnådde målsetjingane og at mange av prosjektsamarbeida vil bli vidareførte etter prosjektperioden. Samstundes er samarbeid av denne typen svært sårbare mot utskiftingar av nøkkelpersonell. Andre forhold som kan skape utfordringar særskilt i startfasen er kulturelle skilnader mellom partnarane og korte tidsfristar.