Møre og Romsdal fylke og Høgskulen i Volda har sidan 2004 samarbeidt om prosjektet "Prøvekluten i Volda". Dette er eit tilbod der utøvarar innan ulike sjangrar, som ynskjer å utvikle eller vidareutvikle produksjonar for "Den kulturelle skulesekken", kan søke om arbeidsopphald i eit tilrettelagt produksjonsmiljø ved Høgskulen i Volda. Målsettingane med "Prøvekluten i Volda" er å syte for at det vert fleire kvalitetsproduksjonar i Den kulturelle skulesekken, og at kunnskapen om kulturformidling aukar. Prøvekluten i Volda er vidare eit forprosjekt for eit planlagt senter for kulturproduksjon og kulturformidling i Volda, basert på heilårsdrift og eit nasjonalt nedslagsfelt.