Evaluering av Karrieredagane i Møre og Romsdal

Evaluering av Karrieredagane i Møre og Romsdal

 
Alle ungdomar på 10. steget i Møre og Romsdal vert inviterte til Karrieredagane. Karrieredagane vart arrangerte første gongen i 2007, og om lag 3000 elevar og 250 lærarar er med årleg. Arrangementet er eit samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv, opplæringskontor, kommunar og utdanningsavdelinga i fylkeskommunen.
 
Problemstillingar i høve til evalueringa av Karrieredagane i Møre og Romsdal:
 
- Korleis er utbytet for elevane? I kva grad og korleis har Karrieredagane påverka elevane med tanke på utdanningsval?
 
- Korleis påverkar Karrieredagane ungdomsskulane si tilnærming til faget utdanningsval? Korleis førebudde skulane deltakinga på Karrieredagane? Kvifor? Kva er gjort av etterarbeid? Kvifor?
 
- Korleis fungerer Karrieredagane? Planlegging og gjennomføring: Kva er bra, og kvifor? Kva kunne vore annleis og kvifor? Kva er utfordringane med Karrieredagane? (Stikkord: Vurdering av tidsbruk pr post. Aktivisering av elevar eller meir tradisjonell messeprofil? Vurdering av omfang og kompleksitet). Korleis er rollefordelinga mellom partar som er involverte i Karrieredagane? Fungerer det føremålstenleg? Kva er bra, og kvifor? Kva kunne vore annleis og kvifor?
 
- Kva forventar aktørar i privat sektor og offentleg sektor at fylkeskommunen si rolle skal vere i tilknyting til karrieredagane? (Stikkord: Økonomisk støtte, organisator, pådrivar). Kva oppgåver/ansvar bør ligge til fylkesnivået? Kva handlingsrom bør ein ha lokalt?
 
- I kva grad og på kva måtar vil/får arbeidslivsaktørar profilere seg under Karrieredagane? Vurdering av breidda når det gjeld utdanningar og yrke som er representerte på Karrieredagane. Er det nokon som manglar, eventuelt nokon yrke/utdanningar som er for dominerande?
 
- Korleis kan ulike private og offentlege aktørar medverke til å gjere dagane betre med tanke på finansiering, planlegging og gjennomføring? Kva kan gjerast for å kunne bygge opp meir stabile partnarskap, der fleire partar tek ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av Karrieredagane?

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17152
|

Prosjektansvarlig:

Randi Bergem
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Evaluering av Karrieredagane i Møre og Romsdal

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektdeltakere:

Finn Ove Båtevik,