Merkur er eit kompetanseprogram for utkantbutikkar. Det vart oppretta som eit prøveprosjekt under Nærings- og handelsdepartementet i 1995 og vart seinare overført til Kommunal- og regionaldepartementet. Programmet har no vore i drift i over ti år, og har såleis fått ein meir permanent karakter enn det opphavlege prøveprosjektet. Evalueringa av programmet byggjer i første rekke på dei erfaringane 75 butikkdrivarar har gjort gjennom deltaking i Merkur-programmet. I tillegg er sentrale aktørar rundt butikkdrivarane, som representantar for kjedene, tilleggstenestene og kommunane, viktige informantar. Spørsmålet for evalueringa har mellom anna vore i kva grad Merkur fyller dei behova drivarane av utkantbutikkar opplever i det daglege virke.