Evaluering av modeller for fysisk aktivitet, røykeslutt og sunt kosth...

Evaluering av modeller for fysisk aktivitet, røykeslutt og sunt kosthold

Gjennom ordninga ”Grøn resept” har legane sidan 2003 hatt ein eigen takst for å stimulere dei til drive meir rettleiing om endring av levevanar. På basis av erfaringar med denne ordninga såg Helsedirektoratet behov for å utvikle lågterskeltiltak for grupper med behov for eiga oppfølging for å kome i gang med endring av levevanar. Fem fylke fekk i 2005 midlar frå direktoratet til å utvikle slike lågterskeltiltak med tilhøyrande oppfølgingstiltak for aktuelle brukarar. Gjennom evalueringa blir det sett på det utviklingsarbeidet som har vore gjort i forhold til å organisere, forankre og implementere dei aktuelle modellane. Vidare ser ein på dei erfaringane ein har gjort med modellane, ikkje minst sett frå brukarsida. Utviklingsarbeidet omfattar i alt 32 kommunar fordelt på fem fylke.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

1757
|

Prosjektansvarlig:

Finn Ove Båtevik
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Evaluering av modeller for fysisk aktivitet, røykeslutt og sunt kosthold

Oppdragsgiver:

Helsedirektoratet

Prosjektdeltakere:

Unni Aarflot, Randi Bergem, Anders Tønnesen, Johan Barstad