Evaluering av Møremusikarordninga

Evaluering av Møremusikarordninga

Ordninga med Møremusikarane har vore verksam sidan 1990. Møreforsking har evaluert ordninga. Evalueringa viser at det er brei semje om at Møremusikarane har medverka til å møte fleire av dei behov og utfordringar som musikklivet i Møre og Romsdal hadde ved inngangen til 1990-talet. Tilbakemeldingane i evalueringa peiker i retning av at ordninga har gitt kvalitetsheving til ulike delar av musikklivet i fylket. Samstundes er det behov for å vidareutvikle sider ved ordninga. Det kan vere behov for ein meir overordna debatt rundt målsetjinga for ordninga, der ein vurderer den i forhold til den oppbygginga og det innhaldet musikklivet i fylket har sytten år etter at Møremusikarane vart etablert som ordning.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

1771
|

Prosjektansvarlig:

Finn Ove Båtevik
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Evaluering av Møremusikarordninga

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylke