Evaluering av samorganisering av barn- vaksenhabiliteringstenesta....

Evaluering av samorganisering av barn- vaksenhabiliteringstenesta....

I 2004 vart vaksenhabiliteringa og barnehabiliteringa i Helse Sunnmøre samorganisert, og to år seinare samlokalisert. Helse Sunnmøre ønskte ei evaluering av erfaringane med den nye organiseringa. Møreforsking Volda fekk oppdraget med å gjere evalueringa, som er tufta på intervju med tilsette ved seksjon for habilitering ved Helse Sunnmøre, samarbeidspartar i Helse Sunnmøre, tilsette i hjelpeapparatet i eit utval kommunar og med foreldre som brukarar av habiliteringstenesta. I tillegg til at evalueringa har hatt fokus på erfaringar og konsekvensar av samorganiseringa, er også tenesta meir generelt evaluert. Det gjeld arbeidet internt i seksjonen, samarbeid med andre seksjonar og avdelingar i Helse Sunnmøre og med kommunar.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

1787
|

Prosjektansvarlig:

Randi Bergem
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Evaluering av samorganisering av barn- vaksenhabiliteringstenesta....

Oppdragsgiver:

Helse Sunnmøre

Prosjektdeltakere:

Unni Aarflot