Prosjektet Flyktningemedverknad er eit metodeutviklingsprosjekt med fokus på bustadsosialt arbeid overfor flyktningar, og deira behov og moglegheitar for å påverke eigen busituasjon.
Utgangspunktet for prosjektet er bustaden og bumiljøet sin verdi for levekår og velferd, og flyktningar som gruppe sine utfordringar i å påverke dette. Vi arbeidd med problemstillingar som
Kva rolle spelar bustad og bumiljø for flyktningane sin velferd og levekår?
Korleis kan flyktningar medverke til å betre eller endre sin eigen busituasjon, både på individ- og systemnivå?
Korleis kan kommunen internt arbeide for i størst mogleg grad legge til rette for heilskapeleg bustadsosialt arbeid blant flyktningar?
Nytten av prosjektet er meir kunnskap om flyktningane sine eigne refleksjonar og erfaringar med bustadsosialt arbeid i kommunen, og deira tankar om korleis ein kan organisere medverknad for flyktningar som gruppe.