Følgjeevaluering av kompensasjonsordninga for differensiert arbeidsgj...

Følgjeevaluering av kompensasjonsordninga for differensiert arbeidsgjevaravgift.

Næringsretta utviklingstiltak er ein del av kompensasjonen til område som får auka arbeidsgjevaravgift med grunnlag i EØS avtalen. Dei aktuelle fylka får tildelt årlege rammer, første gong i 2004. Prosjektet er eit følgjestudium som skal: 1. Bidra til å vidareutvikle dei regionale handlingsplanane.  2. Vere til hjelp med å utvikle gode modellar for denne type breie prosessar der dei økonomiske rammene er definert og formålet er å kome opp med prosjektforslag med størst mogleg grad av konsensus og der representantar for næringslivet skal sitte i førarsetet for prosessane. 3. Vere eit korrektiv til arbeidet. 4. Vidareformidle erfaringar og kunnskap til både dei regionale aktørane og KRD der målet er at alle partar skal lære undervegs. 5. Bidra til å sikre at  midlane vert nytta i henhold til dei oppsette måla.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

1775
|

Prosjektansvarlig:

Jørgen Amdam
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Følgjeevaluering av kompensasjonsordninga for differensiert arbeidsgjevaravgift.

Oppdragsgiver:

Kommunal- og regionaldepartementet ved Regionalpolitisk avdeling

Samarbeidspartnere:

Møreforsking Molde

Prosjektdeltakere:

, Else Ragni Yttredal