
FoU-strategi for Vestnorsk Fjordlandskap
FoU-strategi for Vestnorsk Fjordlandskap
I perioden januar til oktober 2014, skal Møreforsking i tett samarbeid med Vestnorsk fjordlandskap utarbeide FoU-strategi for verdsarvområdet. Ei brei forankring og nettverksbygging er inkludert i arbeidet.
Vestnorsk fjordlandskap vart i 2005 innskrive på UNESCO si verdsarvliste. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland. Med dette er Fjordområda rekna for å vere mellom dei vakraste og mest verneverdige naturområda i verden.
Kunnskapsoppbygginga rundt verdsarvområda har til no ikkje stått i stil til statusen og det har mangla ein sameint plan for oppbygging av kunnskap. Verdsarvrådet vedtok derfor hausten 2013 å utarbeide ein FoU-strategi for området i tett samarbeid med Møreforsking.
Arbeidet er del av ei langsiktig kopling mellom Møreforsking og Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv. Dei to har inngått ein samarbeidsavtale med sikte på å utvikle forskingsnettverk og prosjekt, kople forsking, utdanning og formidlingsarbeid knytt til verdsarvområdet og utvikle eit koordinerande kunnskapsmiljø i Geiranger. Møreforsking vart i januar også første partnar i partnarskapen «Eit reint meisterverk» under Grøn Fjord konferansen.