Helse i plan, Partnarskap for folkehelse, Kommunehelseprofilar og Tilskotsordninga til lavterskel fysisk aktivitet, er verkemidlar og verktøy som Helsedirektoratet har initiert i arbeidet med å fremje folkehelsa. Møreforsking Volda og Norsk institutt for by- og regionsforskning (NIBR) samarbeider om evalueringa av desse fire folkehelsetiltaka.
Hovudmålet med Helse i plan er å styrke folkehelsa ved å forankre ulike folkehelsetiltak, kommunalt og regionalt, ved bruk av plan- og bygningslova som verktøy, og å utvikle og legge til rette for oppbygging av plan- og prosesskompetanse i helsesektoren. Møreforsking evaluerer tiltaket, og sentralt i evalueringa er mellom anna i kva grad og på kva måtar Helse i plan er forankra i politiske og administrative strukturar regionalt og lokalt, og korleis plan- og prosesskompetanse vert utvikla i helsesektoren. Evalueringa skal vere ferdig i desember 2009.