Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar i Møre og Romsdal

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar i Møre og Romsdal

Møreforsking har på oppdrag av Møre og Romsdal fylkeskommune laget eit kunnskapsgrunnlag som skal brukast til å setje i verk tiltak for å få fleire unge kvinner til å busette seg i fylket

Prosjektet studerar og samanliknar tre kommunar i Møre og Romsdal, som er ulike når det gjeld sentralitet, folketal, flyttemønster og næringsstruktur. I valet av kommuner er det fokus på at dei representerar forskjellige strategiar i arbeidet med attraktivitet og tilflytting.

I kvar av dei tre kommunane har vi  henta inn og analysert kunnskap om korleis dei arbeider med kjønn og rekruttering. I tillegg undersøkar vi kva unge kvinner og menn sjølv meiner har vore viktig for at dei busette seg i kommunen.

Ved å samanlikna casane våre, og analysere dei mot fagkunnskap om attraksjon og tilflytting, meiner vi at denne studien vil kunne gje verdifull kunnskap som vil ha stor overføringsverdi for framtidige rekrutteringsstrategiar i ulike typar kommunar i fylket

 

Les meir om om rapporten på Møre og Romsdal fylkeskommune;

http://mrfylke.no/Politikk/Nyheiter/Ny-rapport-om-kvinner-og-rekruttering

 

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

54755
|

Prosjektansvarlig:

Marte Fanneløb Giskeødegård
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar i Møre og Romsdal

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektdeltakere:

Gro Marit Grimsrud, Marte Fanneløb Giskeødegård