Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid. Kva gjer marine og marit...

Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid. Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar attraktive for høgt utdanna arbeidskraft?

 
Marin og maritim næring i Møre og Romsdal blir i stadig større grad kunnskapsbasert og tilstrekkeleg tilgang på relevant kompetanse er ein av føresetnadane for innovasjon og vidare utvikling i næringane. Forskarprosjektet “ Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid. Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar attraktive for høgt utdanna arbeidskraft?” grip tak i utfordringane knytt til utfordringane med å rekruttere arbeidskraft til næringar med aukande behov for kloke hovud. I prosjektet vert det utvikla kunnskap om mekanismar som hemmar og fremmar bygging av kompetansemiljø innafor desse næringane i Møre og Romsdal. Hovudproblemstillinga for arbeidet er formulert i følgjande spørsmål: Kva påverkar attraktiviteten til arbeidsplassar i marine og maritime bedrifter i Møre og Romsdal for høgt utdanna arbeidskraft?

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17133
|

Prosjektansvarlig:

Finn Ove Båtevik
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid. Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar attraktive ...

Oppdragsgiver:

Norges forskingsråd

Prosjektdeltakere:

Else Ragni Yttredal, Grethe Mattland Olsen, , Cecilie Rørstad,