Kortreist mat på fleire fat. På kva måte går reiselivsnæringa fram for å kunne tilby kortreist og lokal mat til sine gjester.
Målet med prosjektet er å skaffe relevant og ny kunnskap om suksesskriteria for bruk av kortreist og lokal mat. Møreforsking ønskjer i første omgang å kartlegge utvalde aktørar innan reiselivsnæringa sine erfaringar med å innføre kortreist mat. Det vert lagt vekt på både sjølve prosessen med å innføre denne typen produkt og kva konkurransefortrinn aktørar i reiselivsnæringa har oppnådd i denne satsinga.
Med omgrepet lokal mat meiner vi her råvarer frå både grøn og blå sektor, samt lokalt ferdigproduserte produkt basert på lokale bearbeida råvarer.
Fakta om prosjektet:
Prosjekt nr:
17138
|
Prosjektansvarlig:
Grethe Mattland Olsen
|
Tidsperiode:
-
Tittel:
Kortreist mat på fleire fat. På kva måte går reiselivsnæringa fram for å kunne tilby kortreist og l...
Oppdragsgiver:
Regionalt forskningsfond Midt-Norge, Innovasjon Norge