Generelt er levekåra i Kristiansund gode, men det er likevel slik at byen kjem relativt svakare ut på ein del indikatorar enn andre kommunar i Møre og Romsdal. Resultatet av desse indikatormålingane er dokumentert i eit eige notat utarbeidd av Møre og Romsdal fylke. På bakgrunn av dette er det ønskjeleg med eit forprosjektet, som skal systematisere tilgjengelege data, og gjennomføre innsamling av informasjon om levekårsituasjonen og dei tiltak som er sette inn for å betre denne i Kristiansund per i dag. Arbeidet skal danne basis for ei betre forståing av årsakene til levekårsituasjonen i Kristiansund, som grunnlag for å utarbeide tiltak. I ”Kommuneplan for Kristiansund 2008-2020” går det fram at barn og unge skal vere spesielt i fokus.
Målet for forprosjektet er å legge grunnlag for å betre levekåra i Kristiansund. Arbeidet skal munne ut i forslag om førebyggande tiltak retta mot utsette grupper, særleg barn og unge.