Lokal Klimaplanlegging

Lokal Klimaplanlegging

Utfordringane knytt til klimaendring er store og komplekse, og aktuelle tiltak omfattar innsats på ulike samfunnsområde og samfunnsnivå. Kommunane vil her kunne spele ei nøkkelrolle i arbeidet med å oppfylle nasjonale klimamål. Arbeidet med lokal klimaplanlegging representerer på denne måten ei ny og viktig utfordring for kommunane.
 
Fokuset på lokal klimaplanlegging dannar utgangspunktet for den tverrfagleg prosjektgruppa som er samansett av representantar frå ENØK-senteret i Ørsta, energiselskapet Tussa Kraft, Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. I prosjektet deltek kommunane Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Sula, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Målet for arbeidet er å utarbeide klimaplanar for kommunane. God forankring, lokal kjennskap og fokus på gjennomførbare tiltak vil vere viktige føresetnader i dette planarbeidet. Med utgangspunkt hovudtemaene energi, transport, forbruk og avfall, vert det lagt opp til fellessamlingar, gruppeprosessar og folkemøte.
 
Erfaringane frå dette arbeidet vil i neste omgang legge grunnlag for utvikling av eit eige vidareutdanningsstudium i lokal miljø- og klimaplanlegging på Høgskulen i Volda.
 

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

1784
|

Prosjektansvarlig:

Sveinung Dimmen
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Lokal Klimaplanlegging

Oppdragsgiver:

Tussa kraft, Møre og Romsdal fylke, Husbanken Region Midt-Norge, Nordea, Høgskulen i Volda, Kommunenes sentralforbund, deltakande kommunar

Samarbeidspartnere:

HVO, Enøk-senteret, Volda og Ørsta reinhaldsverk, Tussa

Prosjektdeltakere:

, Anders Tønnesen