Prosjektet går ut på å vurdere mediemangfald i Noreg ved å gjennomføre ein nærstudie av mediehusa i Trondheim og Bergen: Adresseavisen og Bergens Tidende. Dei to mediehusa er sterkt horisontalt integrerte gjennom kontroll med regionavis, lokalaviser, lokalfjernsyn, lokalradio og nettavis og har difor ein svært sterk posisjon – til dels monopolliknande – i sine lokale- og regionale mediemarknader. Posisjonen vert forsterka i vertikal regning gjennom kontroll med infrastruktur som avistrykkeri og distribusjon både av trykte og elektroniske media. Kva har mediehusa sin sterke marknadsposisjon å seie for vilkåra for lokalpolitisk kommunikasjon og kva har dette å seie for det lokale- og regionale mangfalet i nedslagsfeltet til mediehusa?