REGIONAL ATTRAKTIVITET - kartlegging av brukarerfaringar

REGIONAL ATTRAKTIVITET - kartlegging av brukarerfaringar

Kommunane Ørskog, Skodje, Ålesund, Giske, Haram og Sula vil gjennomføre ei kartlegging av brukarerfaringar i kommunane basert på dei mest relevante befolkningsgruppene.

Dei seks kommunane Ørskog, Skodje, Ålesund, Giske, Haram og Sula er tett vevde i hop som bu- og arbeidsområde i dag, og har eit samla folketal på om lag 75 000. Kommunane har ulike ressursar og føresetnadar som i sum avgjer utviklingspotensialet for regionen. Gjennom eit felles utviklingsprosjekt ynskjer dei å finne fram til dei viktigaste faktorane for å utvikle ein mest mogleg attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion innan for dei områda kommunane har ansvar for. Prosjektet vil også ha som mål og finne fram til område kommunane kan oppnå fordelar av å samarbeide og samhandle på.
 
Tanken bak dette prosjektet er å gjere regionen meir attraktiv for dei som bur her og for nye som måtte ynskje å flytte hit og bidra til å utvikle Sunnmøre som ein bærekraftig bu- og arbeidsmarknadsregion.
Naturlege spørsmål å stille seg er kva som gjer regionen attraktiv, og for kven? Kva slags forventningar har dei som flyttar til regionen, og korleis blir dei oppfylt? Korleis kan regionen bli meir attraktiv slik at dei som bur her vel å bli buande, at dei som flyttar hit frå andre deler av landet eller utlandet ikkje flyttar vidare?
 

Fakta om prosjektet:

Prosjektansvarlig:

Geirmund Dvergsdal
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

REGIONAL ATTRAKTIVITET - kartlegging av brukarerfaringar

Oppdragsgiver:

Ørskog kommune, Skodje kommune, Ålesund kommune, Giske kommune, Haram kommune, Sula kommune.

Prosjektdeltakere:

Finn Ove Båtevik, Gro Marit Grimsrud, Margrethe Eikrem Aarset, Geirmund Dvergsdal