
Samfunnsmessige konsekvensar av ein alternativ organisering av den of...

Samfunnsmessige konsekvensar av ein alternativ organisering av den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Møreforsking Volda AS har fått i oppdrag frå Fylkestannlegen å undersøkje kva samfunnsmessige konsekvensar ein omorganisering av den offentlege tannhelsetenesta vil ha opp mot hovudmåla for den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal fylkestannlegen har som hovudmål fram mot 2025 å sikre kvalitet og pasientsikkerheit; robuste kompetansemiljø; ei berekraftigklinikkorganisering; og folkehelsearbeid og samhandling med kommunane. Nokre hovudutfordringar for tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har vore knytt til endringar i befolkninga si samansetning og behov, og større krav til kvalitet, kompetanse og pasientsikkerheit med rekrutteringsutfordringar og ustabil bemanning. Konsekvensutgreiinga tar utgangspunkt i tre aspekt ved samfunnsmessige konsekvensar: administrative konsekvensar, tenestemessige konsekvensar, og distriktsmessige konsekvensar, som skal knytast opp mot dei fire hovudmåla nemnt ovanfor.