Prosjektet Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk vert gjennomført ved Volda Ungdomsskule i perioden hausten 2007 – våren 2010.
Prosjektet skal danne grunnlag for ein ”Voldamodell” for undervisning i norsk med vekt på nynorsk. Modellen skal vere ein detaljert og brukarvennleg fagplan der læringsmål, fagstoff, arbeidsmåtar og vurderingsmåtar kjem klart fram.