Møreforsking utførte i 2007 på oppdrag for Møre og Romsdal fylke ei undersøking blant ungdom i Møre og Romsdal. Målet var å få styringsinformasjon og kunnskap om kva ungdom i Møre og Romsdal veit om Møre og Romsdal fylke, kva grad av medverknad dei unge opplever, kva som gjer at ungdom trivast og kva krav og ønskjer ungdom har for å kunne busette seg i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylke ønskjer å gjennomføre ei ny undersøking etter same mal hausten 2009. Målgruppa for undersøkinga er avgangselevane i vidaregåande opplæring, samt elevar på yrkesfagleg studieretning på vg2-nivå.
Med to undersøkingar bygd opp rundt same mal, vil kunnskapsgrunnlag om ungdom i Møre og Romsdal bli styrka.