Møreforsking gjennomførte i 2004 ei analyse av utviklingstrekk og utfordringar på Indre Nordmøre.
Forfattarar av rapporten var Jørgen Amdam og Finn Ove Båtevik. Det er no behov for ei ny analyse, der ein legg arbeidet som var gjort til grunn.
Arbeidet er tenkt å legge grunnlag for utvikling av strategiar og tiltak for vidare samfunnsutvikling på Indre Nordmøre. Det omfattar kommunane Surnadal, Rindal, Halsa, Sunndal, Tingvoll og Nesset. Sjølv om Nesset ligg i Romsdal og også er ein del av Molde-regionen, inngjekk denne i analysen i 2004.
Grunnlaget for arbeidet i 2004 var å sjå nærare på spørsmålet om Indre Nordmøre fungerte som ein region eller om det låg til rette for at den kunne fungere som ein samla region i framtida. Det er også eit slik spørsmål som vil ligge i botn når det blir gjennomført ei ny og oppdatert analyse av situasjonen på Indre Nordmøre.
Det arbeidet som blir gjort no er tenkt som ei oppfølging og oppdatering av det arbeidet som vart gjort i 2004, der både faktadelen og den strategiske analysen vil gjennomgå ein full revisjon. Nye tema blir trekt inn, med basis i nye utviklingstrekk i perioden etter 2004.