Marknadstest av fiskehovud i Kina

Marknadstest av fiskehovud i Kina

Forfatter(e):

Margareth Kjerstad

Utgiver:

Møreforsking Marin

Oppdragsgiver:

Polar Seafood og Aalesundfisk AS

Rapportnr:

Å0408

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

23

Nøkkelord:

Fiskehoder,  Produksjon,  Marked,  Kina 
Den overordna målsettinga med prosjektet er å undersøke om Polar Seafood og Aalesundfisk kan utvikle ein lønsam produksjon og omsetning av ulike typar fiskehovud i den kinesiske marknaden.
 
Hovud av torsk, sei, hyse, uer, brosme, lange, flekksteinbit, blåsteinbit, torsk og blåkveite vart produsert  og testa ut hos utvalte importørar i Kina.
 
I Kina er det stort konsum av fiskehovud. Auka levestandar, stor tilgang på hovud og SARS har medført at marknaden for fiskehovud har vorte redusert i 2003 og 2004. Den vanskeleg marknadssituasjonen fekk innverknad for resultatet i vår undersøking. Prisnivået viste seg å vere for lavt til at det kan bli økonomisk interessant å satse på eksport av fiskehovud.
 
Kinesarane føretrekker fiskehovud med eit stort kjøtinnhald og mjuk konsistens i kjøt og bein. Hovud av blåsteinbit vart best likt av kinesarane.  Når marknadssituasjonen for fiskehovud i Kina betrar seg, er importørane interesserte i å vidareføre arbeidet med å lansere blåsteinbithovud i den kinesiske marknaden.