I prosjektet har ein gjennomfarrt marknadstesting av djuphavsarten mora i den svenske marknaden. "Refreshed" filetar vart produsert hos ei bedrift i Norge og testa hos 8 svenske grossistar og deira kundar. Dei fekk tilsendt spørrjeskjema, og grossistane vart i etterkant av uttestinga følgt opp med intervju.
Resultata frå uttestinga viser at det er interesse for konsum av fiskearten mora i Sverige. Produkteigenskapane ti1 mora vart vurdert som gode og fleire ønska å kjøpe mora i framtida. Det var størst interesse for filet. Restaurantar og dyrare lunchrestaurantar vil i første omgang vere det mest interessante segrnentet for omsetning av "refreshed" morafilet.