Prosjektet «Marknadsundersøking av torskekinn på innanlandsmarknaden» er finansiert av Stiftelsen Rubin og Møre og Romsdal Fylkeskommune.
30 restaurantar fekk tilsendt ferske og frosne vareprøver av torskekinn for å teste ut desse. Gjennom uttestinga vart skilnaden mellom fersk og frosen vare m.h.t. produkteigenskapar og pris kartlagt. Viktige produkteigenskapar er utsjånad, lukt, smak, konsistens og kvalitet. Produksjonsmessige eigenskapar som foredlingsgrad, vektsorteringar og emballasje og sesongmessig variasjonar i etterspørsel etter produktet vart og kartlagt.
Det vart utarbeidd økonomiske kalkyler ut i frå dei data som kom fram i prosjektet, ei kalkyle for produksjon av kinn ombord i ein fabrikktrålar og ei for produksjon i ei fiskeindustribedrift.