M/S Loran gjennomførte eit forsøksfiske langs Midtatlanterhavsryggen i perioden 28.08 - 21.09. 1997. Fartøyet gjorde forsøk med snik og vanlige liner på i alt åtte bankar mellom 59° N og Azorene. Formålet med forsøket var å finne drivverdige forekomstar av djuphavsfisk. I tillegg til å registrere mengder av ulike artar var det ei viktig oppgåve å arbeide med marknadsutvikling av nye artar, og kartlegging av havbotnen på desse lite undersøkte felta. I tillegg var utprøving av ny teknologi innan linefiske ein del av prosjektet.
Dei artane ein i utgangspunktet hadde mest tru på, vrakfisk (Polyprion americanus), rød beryx (Beryx splendens) og dyphavsabbor (Epigonus telescopus) fekk ein ikkje i dei mengder som ein hadde forventa. Fangstresultata var varierande, men ein har konstatert at ein kan oppnå forholdsvis gode fangstar av artar som mora (Mora moro), vrakfisk og ulike haiartar. I tillegg fekk ein om lag 10 andre artar som i Sør-Europa er rekna som kommersielle artar. Rød beryx fekk ein kun mindre fangstar av og orange roughy fekk ein ingen fangstar av.
Ein klar tendens er at straum,- og verforholda i desse havområda er vanskelige og dette reulterte i dårlig resultat på dei tettaste fiske-konsentrasjonane. Rød beryx dannar stimar som står over dei spisse fjelltoppane, og her blei fangstresultatet dårlig. Her må det til meir prøving, og eventuell utvikling av ny teknologi. Andre erfaringar ein gjorde var at dekks,- og frysearrangement må modifiserast og produksjonslinjene ombord i fartøya tilpassast dei nye artane.
Prosjektet har gitt mange nyttige opplysningar og erfaringar for utvikling av fiske i dette området. I kva grad det vil kome i gang norsk fiske er avhengig av prisane ein får for dei ulike produkta ein kjem til lands med. Resultatet frå dette arbeidet vil ein ikkje ha klart før fisken er seld. Men det ser ut som ein har fått gjennombrot for å få omsetnad for ein del artar som i norsk fiske tidlegare har blitt kasta ut.