Registrering av bifangst av rødpølse i reke- og krepsefiske i kystnære områder ...

Registrering av bifangst av rødpølse i reke- og krepsefiske i kystnære områder på vestlandet

Forfatter(e):

Jan Erich Rønneberg, Margareth Kjerstad

Utgiver:

Møreforsking Marin

Oppdragsgiver:

LUR-programmet

Rapportnr:

Å0702

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

19

Nøkkelord:

Bifangst  
Føremålet med prosjektet var å rapportere bifangst og fangstrater av rødpølse under tidlegare gjennomførte forsøksfiske etter kreps og rødpølse i Møre og Romsdal. For å kartlegge ulike fartygrupper sine erfaringar med bifangst av rødpølse vart det også gjennomført ei intervju undersøking hos utvalte fiskarar.
 
Arbeidet viser at ein i løpet av 100 hal under forsøksfiske etter kreps i Møre og Romsdal oppnådde eit gjennomsnittleg fangsrate på 91 kg rødpølse. Fangstrater på 1000 kg vart registrert. Fiskarar opplyser om at dei kan få bifangst på over 3000 kg rødpølse i utvalde områder. I slike tilfeller kan trålen kan vere heilt ”kledd” av rødpølser.
 
Ressursen synes å vere spreidd over store områder frå Lista og oppover til Trøndelagskysten. Rødpølse er også påvist inne i fjordarmar, langs heile kysten og i Norskerenna. Erfaringane frå båtane tyder på at fangstmengda er størst på blaut botn, ofte i groper i terskelfjordar. Båtane får fangstar av sjøpølse i djupneintervallet 100-400 meter. Ein får større bifangst av rødpølse i krepsettrål enn i reketrål. Fangstmengdene av rødpølse synes interessante for at ressursen kan utnyttast kommersielt. Det er viktig at eit framtidig fiske etter sjøpølse tek omsyn til biologiske bestandsvurderingar og ei skånsam handtering av botnfaunaen.