Målet med prosjektet har vore å finne informasjon om kvar i produksjonen av saltfisk og klippfisk ein lettast får smitte, og evt synleg vekst av rødmidd. Resultata viser at vi finn rødmidd i alle ubrukte sjøsalt, men bakterien er ikkje tilstade i bergsalt. Dersom salt og fisk blir lagra kjølt, er sannsynet for å få synleg vekst av rødmidd svært liten.