”Ein omstillingsprosess er som å flytte ein kyrkjegard. Ein får lite hjelp av dei som bur der.” Sitatet er henta frå strategimøte i omstillingsprosessen i Hareid, 6.- 7. oktober, 2005. Vart det slik? Hareid kommune har satsa mykje tid og ressursar på at denne profetien ikkje skulle gå i oppfylling, men snarare verte motbevist. Denne rapporten ser nærare på dette og andre spørsmål knytt til omstillingsprosessen i kommunen.