Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal. Ei undersøking blant offentlege og private...

Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal. Ei undersøking blant offentlege og private bedrifter hausten 2009

Forfatter(e):

Finn Ove Båtevik

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylke og NAV Møre og Romsdal

Rapportnr:

4
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-301-8 ISSN 1891-5973

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

107

Nøkkelord:

Arbeidsmarknad,  Lokalt næringsliv,  Utdanning,  Rekruttering,  Regional utvikling 
 
Ei av de største utfordringane for utviklinga av næringslivet i Møre og Romsdal  er tilgang på kompetent arbeidskraft. Både i privat og offentleg sektor har ein gått nye vegar for å rekruttere arbeidskraft. Møreforsking har difor gjennomført ei undersøking om arbeidskraftbehovet blant 105 privat og offentlege bedrifter i fylket.
 
Undersøkinga blir oppsummert gjennom følgjande hovudpunkt:
 
Bedriftene har stort behov for folk med høg utdanning
Dei fleste næringane slit med å rekruttere høgt utdanna arbeidskraft
Mange bedrifter har eit stort innslag av eldre arbeidstakarar
Det er framleis utfordrande å rekruttere arbeidskraft, særleg i offentleg sektor
Rekrutteringsstrategiar nyttar
Det er lite strategisk tenking rundt rekruttering av utanlandsk arbeidskraft
Både offentleg og privat sektor opplever at dei kan gi folk faglege utfordringar, men for lite løn
Natur og gode forhold for å drive friluftsliv er den fremste allmenne kvaliteten ved eige lokalsamfunn og eigen region som bedriftene har når dei skal lokke til seg arbeidskraft. Lokalisering i utkant dreg andre vegen.
Rekrutteringa av arbeidskraft er i sterk grad basert på lokal tilgang, ikkje minst i offentleg sektor
Toinntektstilpassingar er ei utfordring for mange bedrifter
 
Prosjektet er gjennomført av forskarane Finn Ove Båtevik (prosjektleiar) og Geir Tangen, begge  Møreforsking.