I denne kvalitatative undervegsevalueringa er det fokusert på læring for forbetring knytt til tre utvalde satsingar i regi av einskapsfylket Møre og Romsdal. Satsingane er ikkje tilfeldig utvalde, dei er valde av ei tverrfagleg evalueringsgruppe i einskapsfylket. Kriteriet for utvelging var at det skulle vere prosjekt der einskapsfylket gjennom ein breiare organisasjon har potensial til å gje prosjekta eit anna innhald og eit anna fokus enn det som ville vere mogleg med to separate organisasjonar på regionalt nivå.