Rapporten Eit
heilskapleg tilbod er basert på ei følgjeevaluering av metodeutviklingsprosjektet
Arbeidsretta rehabilitering. Tilbodet
er lagt til rette for at fleire sjukmelde kan få eit arbeidsretta helse- og
rehabiliteringstilbod. Hovudkonklusjonen
frå evalueringa er at kurset blir opplevd som eit viktig steg tilbake til
arbeid og til eit betre liv for mange av deltakarane. Dette er i samsvar med
dei fire intensjonane bak tiltaket; nemleg å styrke føresetnadane for at kvar
enkelt kan meistre kvardagen, meistre helserelaterte utfordingar, meistre
sosiale utfordringar og styrke sjansane på arbeidsmarknaden.