Fordelar og ulemper ved kommunesamanslåing av Volda og Ørsta kommunar

Fordelar og ulemper ved kommunesamanslåing av Volda og Ørsta kommunar

Forfatter(e):

Kjetil Lie, Erlend Krumsvik

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Volda kommune, Ørsta kommune

Rapportnr:

17
|

Isbn/Issn:

ISBN 978-82-7692-312-4 ISSN 1891-5981

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

127

Nøkkelord:

Regional utvikling,  ,  Kommunesamanslåing,  Kommunal organisering,  Kommuneøkonomi,  ,  Volda kommune 
Møreforsking og Telemarksforsking har i samarbeid sett på fordelar og ulemper ved kommunesamanslåing av Volda og Ørsta kommunar. Områda samfunnsutvikling, økonomi, tenesteleveranse og strategisk fusjonsprosess er omfatta av utgreiingsrapporten.
Resultata viser at ei samanslåing av dei to aktuelle kommunane vil kunne hente ut fleire synergieffektar, noko som også er i tråd med den samfunnsutviklinga som har vore gjeldande i regionen. Den største endringar ved ei kommunesamanslåing vil omfatte endringar blant dei som er tilsett ved rådhusa. Det er ein marginal økonomisk gevinst å hente på inntektssida til ei ny kommune, men monaleg rom for kostnadseffektivisering av rådhusfunksjonane. Ei ny kommune vil ha god tid til å hente ut slike effektar.
Den største utfordringa kommunane står ovanfor ved vedtak om kommunesamanslåing er den faktiske prosessen med å integrere to ulike kulturar og arbeidsmåtar. Dette har den største risikoprofilen økonomisk sett om denne prosessen ikkje blir handtert på ein god måte.
Det er avdekka fleire fordelar enn ulemper, men dei ulike faktorane er ikkje vekta. Dette ligg i kvar einskild å vurdere.