Frå hand til munn eller på tryggare grunn? Samordningsrådet for arbeid for menneske med psykisk utviklingsheming (SOR) - evaluering av den langsiktige basisfinansieringa
Forfatter(e):
Anders Tønnesen, Brynhild Solvang, Randi Bergem, Marte Hanche-Olsen
Samordningsrådet for arbeid for menneske med psykisk utviklingshemming (SOR) vart stifta i 1951. SOR har år for år fått støtte frå Helsedirektoratet, men i 2004 vart det inngått ein avtale mellom SOR og Helsedirektoratet om ei meir langsiktig basisfinansiering. Avtalen galdt perioden 2004-2008.
På oppdrag for Helsedirektoratet har Møreforsking evaluert effektane av den langsiktige basisfinansieringa. Evalueringa viser at langsiktig basisfinansiering har hatt mykje å seie for SOR si verksemd, både når det gjeld omfang og innhald. I tillegg til at basisfinansieringa har medverka til nye tiltak, som ymse prosjekt, vidareutdanningstilbod, utvikling av fagbøker og anna fagstoff, har ho medverka til meir aktivitet i tilknyting til tiltak SOR tradisjonelt har arbeidd med, som konferansar, informasjon, formidling og nettverksbygging.