Rapporten er altså tufta på evaluering av Tilskotsordninga til lavterskel fysisk aktivitet, som var initiert som ein del av oppfølginga av Handlingsplanen for fysisk aktivitet, Saman for fysisk aktivitet Tilskotsordninga er eit verkemiddel for tiltak som skal fange opp dei som fell utanfor dei ordinære aktivitets- og idrettstilboda, og midlane vert fordelte til regionale og lokale lag og organisasjonar, som driv aktivitetsfremjande arbeid retta mot den inaktive delen av befolkninga, og særleg barn og unge. Til grunn for evalueringa ligg fylkesvise oversikter over fordeling av midlane i 2007, det vil seie kven som har søkt og kven som har fått midlar til ulike tiltak/aktivitetar. Den mest omfattande delen av datagrunnlaget er intervju med ulike informantgrupper, som representantar i fylka (fylkeskommunen eller fylkesmannen) som er ansvarlege for fordeling av midlane frå tilskotsordninga, representantar for eit utval hovudorganisasjonar (sentralleddet i 11 organisasjonar) og eit utval regionale (3) og lokale organisasjonar/lag (16), som har fått midlar til tiltak/aktivitetar.
Rapporten har fokus på fordelingsprofil og ulike aktørarar sine vurderingar av ordningar.
Evalueringa viser at tilskotsordninga er eit viktig bidrag med tanke på å nå mål i handlingsplanen for fysisk aktivitet. Gjennom tilskotsordninga er det mykje fokus på aktivitetar i nærmiljøet, på at aktivitetane skal ha eit sosialt element og på at alle og særleg barn/unge skal ha tilbod om aktivitetar i fritida. At folk skal kunne delta etter evne, kjem mellom anna til uttrykk ved at det er snakk om lavterskel aktivitet. Men folk som er inaktive har ofte eit særleg behov for at aktivitetane, både fysisk og sosialt, er lagt til rette slik at det er mogleg for dei å delta. Med tanke på at handlingsplanen også siktar mot å utjamne sosiale skilnader i fysisk aktivitet, vil det truleg vere behov for endå fleire tiltak retta mot spesifikke målgrupper. Utifrå evalueringa ser det ut til at delmålet Aktiv etter evne, bør få meir fokus.