JordmoraHeim - mødrene sine erfaringar

JordmoraHeim - mødrene sine erfaringar

Forfatter(e):

Randi Bergem, Gunnvor Bakke

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Virkemiddel for regional innovasjon (VRI); Norges Forskningsråd og Møre og Romsdal fylkeskommune

Rapportnr:

43
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-331-5/1891-5981

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

27 inkl. vedlegg

Nøkkelord:

Samhandling,  Innovasjon ,  Helse- og omsorgssektoren,  Folkehelse,  Velferd 
Frå 1. januar 2010 innførte Kvinneklinikken Helse Sunnmøre redusert liggetid ved føde- og barselsavdelingane. For førstegongsfødande med friske barn er liggetida tre dagar (60 timar) og for fleirgongsfødande med friske barn er liggetida etter fødsel to dagar (48 timar). Oppfølginga som mor og barn, dei første dagane etter fødsel, tidlegare fekk ved fødeavdelingar på sjukehusa, skal dei no få heime, og kommunane har ansvaret. I omlag eit år har alle fødekvinner i Volda og Ørsta fått heimebesøk av jordmor få dagar etter at dei er komne heim frå sjukehuset. Tilbodet har hatt namnet JordmoraHeim.  JordmoraHeim er eit fellesprosjekt for kommunane Ørsta og Volda, og er eit samarbeid med Kvinneklinikken i Møre og Romsdal (Volda sjukehus og Ålesund sjukehus). For å kartlegge erfaringane med JordmoraHeim har Møreforsking, i samarbeid med helsestasjonane i Volda og Ørsta kommunar, gjennomført ei undersøking blant mødrene som har vore omfatta av ordninga. Rapporten formidlar mødrene sine erfaringar med JordmoraHeim.