Rapporten er meint som eit kunnskapsgrunnlag som Møre og Romsdal fylkeskommune kan bruke i sitt arbeid med å få fleire kvinner mellom 20-39 vel å busette seg i fylket. Del 1 av rapporten omhandlar tidligare forsking på kjønn, flytting og regional utvikling. Del 2 ser på arbeidet med kjønn og rekruttering i tre kommunar som har ulike føresetnader for å trekkje til seg innbyggjarar.
To viktige aspekt står sentralt i forskinga; at perspektivet ein har på forholdet mellom kjønna har reelle konsekvensar for samfunnsutviklinga, og ei åtvaring mot å fokusere på kvinner som verkemiddel for å auke folketalet. Ein bør heller spørje seg kvifor kvinner skal flytte til Møre og Romsdal, eller snarare, til ein spesifikk kommune. Dette spørsmålet ser ut til å ha nådd kommunane, som på ulikt vis fokuserer meir på attraktivitet enn rekruttering.
Til tross for at dei tre kommunane fortel om ulike tiltak, så er det likevel noko likskap i korleis dei arbeider. Arbeidet deira er klart inspirert av dei same forskingsrapportane. Det kan også vere verdt å merke seg at i kommunane ikkje legg monaleg vekt på det bilete som teiknast av statistikken når dei bestemmer kva tiltak ein skal satse på.