Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar. Kor attraktive er «motora...

Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar. Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Forfatter(e):

Gro Marit Grimsrud, Finn Ove Båtevik, Marte Fanneløb Giskeødegård

Utgiver:

Møreforsking

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune

Rapportnr:

53
|

Isbn/Issn:

987-82-7692-336-0

Publikasjonstype:

Forskningsrapport
|

Sidetall:

42

Nøkkelord:

Bustadsattraktivitet,  Kompetanse,  Regional utvikling,  Rekruttering 

På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune har Møreforsking analysert statistiske indikatorar for attraktivitet og også intervjua frå- og tilflyttarar med høg utdanning om kva dei legg vekt på når dei skal velje bustad. Den statistiske analysen viser at dei tre bykommunane ikkje skårar spesielt bra, korkje samanlikna med andre kommunar i fylket eller med landet som heilskap. Om ein ser dei i samanheng med omlandskommunane blir bilete betre.

Frå- og tilflyttarane er først og fremst opptekne av å få gode jobbar og eit utviklande fagmiljø. På bakgrunn av samtaler med målgruppa konkluderer vi med at det er langt igjen før byane blir oppfatta som kunnskapsbyar som i kraft av seg sjølv verker tiltrekkjande på folk med høg utdanning. I staden blir byane oppfatta som utdanningsfiendtlege,  og arbeidsmarknaden og fagmiljøa blir opplevd som snevre. Kompetansepersoner er redde for fagleg stagnasjon om dei vel å busette seg der. Det er bakgrunnen for at Møreforsking tilrår at ei eventuell ekstraordinær bysatsing støttar opp under initiativ som kan styrke faglege nettverk i byregionane