I denne rapporten vil vil argumentere for eit kunnskapsløft for småsamfunn der vi må take nye arbeidsmåtar og undervisningsformer i bruk for å kunne dekke ulike behov. Småsamfunn heng etter i omstilling frå vareproduksjon til tenesteproduksjon samanlikna med meir urbane samfunn, og må finne sine eigne vegar og strategiar for utvikling om dei ikkje skal bli heilt utkonkurrert av bysamfunna våre. Vi vil argumentere for å utvikle tette samarbeid mellom dei regionale høgskulane i distrikta, småsamfunna sjølv og storsamfunnet ved stat og fylke i eit systematisk kunnskapsløft ut frå småsamfunna sin spesielle situasjon og utfordringar. I dette kunnskapsløftet må ny kunnskap, nye arbeidsmetodar og moglegheitene som informasjonsteknologi gir, spele ei sentral rolle sidan brukarane er svært geografisk spreidd.