Rapporten er tufta på ei evaluering av Karrieredagane i Møre og Romsdal. Karrieredagane er eitt av fleire karriererettleiingstiltak retta mot ungdom i fylket. I samband med Karrieredagane er det arrangement i fire regionar, som er Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. På oppdrag for Møre og Romsdal fylkeskommune, har Møreforsking evaluert Karrieredagane. Møreforsking har undersøkt kva erfaringar medverkande aktørar og deltakarar har med Karrieredagane, med fokus på mellom anna planlegging og organisering av Karrieredagane, utbytet for elevane og fylkeskommunen si rolle. Problemstillingane er undersøkte gjennom dokumentstudiar, møtedeltaking, undersøking blant ungdomsskuleelevar og intervju med sentrale aktørarar. Evalueringa skal danne grunnlag for å vurdere profilen på arrangementet, og korleis ein framover kan planlegge, organisere og gjennomføre Karrieredagane.