Kristiansund kommune ønskjer å ta tak i levekårsutfordringane byen står overfor. Møreforsking har gjennomført eit forprosjekt som fungerer som eit oppspel til dette arbeidet.
Kristiansund kjem dårleg ut på levekårsindeksen til Statistisk sentralbyrå. Vår kartlegging viser også at det er ein del område av byen som har klar opphoping av levekårsproblem. Sett i forhold til at Kristiansund er ein liten by, er det påfallande at forskjellane mellom bydelane i ein del tilfelle er vel så store som i Bergen. Sosial arv ser ut til å vere eit stikkord for situasjonen i Kristiansund. Slike mekanismar kan gjere at ein dreg med seg utfordringar som er skapte under andre forhold over i ei ny tid. Det vil derfor etter alt å døme vere viktig å ha eit særleg fokus mot barn og unge, når ein skal arbeide vidare med levekårsutfordringar i Kristiansund framover.
Når dette er sagt, er det også grunn til understreke at det klare utviklingstrekk som peikar i positiv retning for utvikling av levekåra i Kristiansund. Dette kjem mellom anna til uttrykk i dei målingane som har vore gjort på fleire levekårindikatorar i løpet av fleire år. I tillegg er det ein styrke for Kristiansund som samfunn at mange har ei forståing for dei ufordringane ein står overfor og at arbeidet med levekårsutfordringane engasjerar breitt. Erfaringane frå forprosjektet viser at temaet blir opplevd som viktig, trass ulike ståstader og interesser.
Forprosjektet er gjennomført av forskarane Finn Ove Båtevik, Marte Hanche-Dalseth og Susanne Moen Ouff.