Rapporten presenterer resultata frå evalueringa av ordninga med Møremusikarane, ei ordning som har vore verksam sidan 1990. Resultata bygger i hovudsak på intervju blant tilsette og brukarar av ordninga, samt ei kartlegging av alle brukarkontraktar som har vore teikna i ordninga i perioden 1999-2006.
Det synest å vere brei semje om at Møremusikarane har medverka til å møte fleire av dei behov og utfordringar som musikklivet i Møre og Romsdal hadde ved inngangen til 1990-talet. I målsettingane for Møremusikarane står kvalitet sentralt, både i forhold til å utvikle det profesjonelle musikklivet og i forhold til arbeidet mot amatørane i fylket. Tilbakemeldingane i evalueringa peiker i retning av at ordninga har gitt kvalitetsheving til ulike delar av musikklivet i fylket. Samstundes er det behov for å vidareutvikle sider ved ordninga. Det er ei utfordring å sikre god kommunikasjon og flyt av informasjon i ein organisasjon der musikarane er lokalisert i ulike delar av fylket.