Prosjektet Med nynorsk til betre skriving - med skriving til betre læring fokuserer på skriving i alle fag, og tanken er at betre skriving skal medverke både til bevisstgjering og kompetanse i nynorsk og til betre skriving generelt. Den faglege bakgrunnen for prosjektet er ei oppleving av at elevar med nynorsk som hovudmål har blitt meir usikre i hovudmålet. Ved Ulstein vidaregåande skule er det sett i gang eit prosjekt der føremålet er å prøve å gjere noko med det. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa medverkar i prosjektet.
Møreforsking skal følgje prosjektet for å vurdere om det skjer endringar hos elevane i løpet av prosjektperioden. Det gjeld mellom anna med tanke på om elevane meiner dei er vortne meir bevisste og kompetente nynorskbrukarar. I februar 2010 vart det gjennomført ei nettbasert spørjeundersøking blant elevane. Resultat frå spørjeundersøkinga vert presenterte i denne rapporten. Undersøkinga skal følgjast opp våren 2011.