Vi har i denne rapporten starta ein analyse av moglege konsekvensar av å konsolidere strukturen i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. Studien er eit forprosjekt gjennomført på oppdrag for Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga og plan- og samfunnsavdelinga. I denne studien har vi gjennomført:
- To caseundersøkingar: Vi har samla inn erfaringar frå to lokalsamfunn som har vore gjennom ei omstrukturering, eit døme i Nord-Noreg og eit døme i Oppland. Begge døma er lokalisert i distrikta, men innanfor dagleg pendlaravstand til eit regionsenter som har fått styrka sin skule som følgje av nedlegging i utkanten.
- Litteraturgjennomgang: Vi har søkt etter norsk og internasjonal litteratur som tek for seg lokalsamfunnskonsekvensar av konsolideringar i vidaregåande skule. Slik litteratur fann vi lite av. Det meste som er skrive om temaet handlar om grunnskular. Det er likevel ein omfattande litteratur om regionale utviklingsprosessar som er relevant i denne samanheng.
Ein konklusjon er at det er vanskeleg å skulle seie noko konkret om verknader av slike prosessar så lenge analysane ikkje vert knytt til konkrete tilfelle av nedlegging.