I 2004 vart vaksenhabiliteringa og barnehabiliteringa i Helse Sunnmøre samorganisert og to år seinare samlokalisert. Helse Sunnmøre ønskte ei evaluering av erfaringane med den nye organiseringa. Møreforsking Volda fekk oppdraget med å gjere evalueringa, som er tufta på intervju med tilsette ved seksjon for habilitering, Helse Sunnmøre, samarbeidspartar i Helse Sunnmøre, tilsette i hjelpeapparatet i eit utval kommunar og med foreldre som brukarar av habiliteringstenesta.
I tillegg til at evalueringa har hatt fokus på erfaringar med og konsekvensar av samorganiseringa, så er også tenesta meir generelt evaluert. Det gjeld arbeidet internt i seksjonen, samarbeid med andre seksjonar og avdelingar i Helse Sunnmøre og med kommunar.