Øving gjer meister. Erfaringar med prosjektet Med nynorsk til betre skriving - ...

Øving gjer meister. Erfaringar med prosjektet Med nynorsk til betre skriving - med skriving til betre læring

Forfatter(e):

Finn Ove Båtevik, Randi Bergem

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Rapportnr:

11/2011
|

Isbn/Issn:

ISSN 1891-5973

Publikasjonstype:

Notat
|

Sidetall:

20

Nøkkelord:

Utdanning,  Vidaregåande opplæring,  Nynorsk,  Læring,  Skriving 
Prosjektet Med nynorsk til betre skriving - med skriving til betre læring er eit tverrfagleg skriveprosjekt, som er utvikla og utprøvd ved Ulstein vidaregåande skule. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa medverkar i prosjektet.  Måla med prosjektet er:
·         å gjere elevane til betre og tryggare nynorskbrukarar og til betre og meir reflekterte skrivarar
·         å utvikle ein modell som aukar både skrivinga og refleksjonen rundt eiga og andre si skriving
 
Elevane sine erfaringar med prosjektet vart kartlagde våren 2010 (Bergem og Båtevik 2010), medan dette notatet formidlar resultat frå ei kartlegging blant lærarar som har vore involverte i prosjektet. Lærarane ved Ulstein vidaregåande skule har gode erfaringar med prosjektet, og dei meiner det har medverka til at elevane har fått meir trening i og erfaring med skriving, både i form av korte og lengre tekster. Elevane har fått skrivetrening, som er gjennomført på ein måte som også ser ut til å ha gitt betre forståing for det faglege innhaldet som skal formidlast i tekstane. Betre samarbeid mellom norsklærarar og mellom norsklærarar og andre lærarar har også vore ein effekt av prosjektet. At det har vore lagt vekt på bruk av nynorsk i fagtekster, har gjort elevane tryggare og meir medvitne på å bruke nynorsk som skriftspråk.  Modellen, som er prøvd ut i prosjektet, ser ut til å ha gjort elevane meir medvitne om at nynorsk kan brukast i andre fag enn norsk. Gjennom å gi elevane eit betre grunnlag for å bruke nynorsk når ein skal skrive tekstar i ulike fag, har ein også styrka føresetnadane for at fleire vil bruke nynorsk som skriftspråk når dei tek til i høgre utdanning.