Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlande

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet

Forfatter(e):

Geirmund Dvergsdal, Grethe Mattland Olsen, Gro Marit Grimsrud

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Distriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling

Rapportnr:

20
|

Isbn/Issn:

ISBN 978-82-7692-314-8 ISSN 1891-5981

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

47

Nøkkelord:

Entreprenørskap,  Næringsutvikling,  Partnarskap,  Regional utvikling 
Rapporten viser at dei fire Vestlandsfylka har gripe det handlingsrommet dei har fått av departementa til å utforme bygde- og lokalsamfunnsutvikling på litt ulike vis. Oppgåva har vore å samanlikne og vise korleis dei fire fylka driv bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Vi har derfor ikkje gått i djupna på kvifor ulike modellar har vorte valde, men antyder at det heng saman med den regionale konteksten. Dei tre viktigaste dimensjonane vi har samanlikna fylka etter er
 
-        Regionalgeografisk kontekst og fordeling av ressursar mellom sentrum og periferi
-        Korleis dei organiserer arbeidet og korleis dialogen med lokale samfunnsentreprenørar
-        Organisering og partnarskap
 
Alle fylka har ei brei forståing av kva bygde- og lokalsamfunnsutvikling skal dreie seg om; alle er opptekne av at det er eit arbeid som i prinsippet skal gjelde heile fylket, både by og land. Miljøa som jobbar med bygde- og lokalsamfunnsutvikling har utvikla eit godt fungerande partnarskap på tvers av organisasjonane, men dei er ulike i kor stor grad dei nyttar ein utovervend arbeidsmåte.