Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane (Merkur) har hatt behov for å auke kunnskapen om utkantbutikkane og den rolla dei har i lokalmiljøet. Dette for å vidareutvikle og innrette Merkur sitt arbeid på best mogleg måte. Gjennom studien har særleg sett på dei utviklingsorienterte butikkane, ikkje minst dei butikkane som har fått til eit rimeleg godt samspel med eigen kommune. Dei nye drivarane er eit anna viktig tema i studien. Studien viser blant anna at samspelet mellom butikken, nasjonale aktørar, kommunen og lokalsamfunnet er viktig dersom butikkane i små samfunn skal fylle ei rolle som lokal utviklingsaktør.