Samarbeid om Inn på tunet - Utvikling av relasjonar for å legge til rette for a...

Samarbeid om Inn på tunet - Utvikling av relasjonar for å legge til rette for alternative velferdstenester

Forfatter(e):

Marte Fanneløb Giskeødegård, Tobba Therkildsen Sudmann, Lars Julius Halvorsen, Ingebjørg Træland Børsheim, Rita Agdal, Finn Ove Båtevik

Utgiver:

Møreforsking

Oppdragsgiver:

Regionalt forskingsfond Vest

Rapportnr:

80
|

Isbn/Issn:

ISBN 978-82-7692-355-1

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

72

Inn på tunet blir sett på som ei ordning som eignar seg som eit supplement til meir standardiserte kommunale velferdstenester. Ordninga gir rom for skreddarsaum, og eignar seg for situasjonar og for personar som treng eit anna velferdstilbod enn det kommunane vanlegvis er i stand til å gi sjølve. Vurdert ut frå det behovet som er for personleg tilpassa velferdstenester, er marknaden for tenestene til stades.

Ordninga er prega av mange entusiastar og eldsjeler som både talar varmt om potensiale i Inn på tunet og som arbeider for å utvikle slike tilbod. Samstundes er det krevjande å etablere ordningar for å kunne ta i bruk og vedlikehalde Inn på tunet-ordninga. Mykje av desse utfordringane ligg i kommunal sektor, i samarbeidsrelasjonane internt i kommuneorganisasjonen og i samarbeidsrelasjonane mellom kommuneorganisasjonen og andre involverte aktørar, ikkje minst tilbydarane. Rapporten «Samarbeid om Inn på tunet – om utvikling av relasjonar for å legge til rette for alternative velferdstenester» viser erfaringar med arbeidet med ordninga i tre kommunar i Hordaland. Den peikar vidare på sentrale spørsmål som er viktige i arbeidet med å utvikle ordninga.