Prosjektet var ei evaluering av studiet "Sjølvshjelp i brukarmedverknad", eit etter- og vidareutdanningstilbod ved Høgskulen i Volda. Eit studium som vart gjennomført i samarbeid mellom Norsk Selvhjelpsforum og Høgskulen i Volda. Evalueringa var tufta på analysar av studentevalueringar, intervju med eit utval studentar og med ansvarlege for studiet. I tillegg var studieplanar/emneplanar ei kjelde i evalueringa.